Noreg er eit monarki. I det ligg det at vi har konge eller dronning som øvste leiar i landet. Akkurat no er kong Haakon monark. Men Noreg er ikkje berre eit monarki, men eit konstitusjonelt monarki.
At monarkiet er konstitusjonelt, vil seie at monarken ikkje kan styre som han vil, men må følgje visse lovar. I Noreg må monarken følgje Grunnlova.
I tillegg til å vere eit konstitusjonelt monarki, har Noreg demokrati. At vi har demokrati, vil seie at det er folket som bestemmer. Noreg er sikra å vere eit demokrati nettopp gjennom Grunnlova, som kongen må følgje som øvste leiar.
- LES OGSÅ: Kong Haakon har gitt ein viktig lovnad

Det er gjennom stortingsval at nordmenn vel kva politikarar som skal bestemme for oss. Menneska vi vel, blir ein del av Stortinget, og det er Stortinget som bestemmer kva lover som skal gjelde i landet. Ut frå same val blir det danna ei regjering av eitt eller fleire politiske parti. Det er regjeringa som styrer landet ut frå lovane som blir bestemte av Stortinget.
Så sjølv om kongen er den øvste leiaren i Noreg, er det ikkje han som bestemmer og styrer i landet.
Sjølv om kongen ikkje kan lage nye lovar eller styre som han vil, har han rett nok ei viktig rolle som Noreg sin øvste leiar, til dømes på desse måtane:
Når det har vore stortingsval, spør kongen statsministeren om råd til kven som skal danne ny regjering. Statsministeren rår som regel til at det/dei partia som har fått mest stemmer under stortingsvalet, skal danne regjering. Dette rådet følgjer kongen.
Eit stortingsår varar frå oktober til september. Kvar oktober opnar kongen Stortinget ved å halde ein tale om kva regjeringa skal jobbe med det neste året. Det er regjeringa sjølv som har skrive denne talen, så det er ikkje kongen som bestemmer kva regjeringa skal jobbe med.
Kvar fredag klokka 11 er det eit møte på slottet som heiter statsråd. Der deltek regjeringa, medan kongen vanlegvis leier møtet. I statsråd fortel regjeringa kva dei jobbar med. I tillegg kan dei foreslå nye lovar, reglar eller avtaler. For at desse lovane, reglane og avtalane skal gjelde, må kongen skrive under. Kongen kan nekte å skrive under, men dette har ikkje skjedd i moderne tid.
Kongen er øvste sjef for det norske militæret. Han tek rett nok ingen avgjersler for dei eller bestemmer kva dei skal gjere. Det er det regjeringa som gjer.
Kongen møter andre leiarar og representantar frå andre land på vegner av Noreg. Han har også ansvar for å gi gratulasjonar og kondolansar på Noreg sine vegner. Å kondolere vil seie å uttrykkje medkjensle når nokon har gått bort.




















