Rekordfå mistar livet som følgje av terror

Talet på menneske som døyr av terrorangrep i verda er det lågaste det har vore på 20 år.

Terrorisme

Terrorisme er vald mot vanlege folk for å skape frykt og dermed påverke politikk.

Kjelde: Store norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

I fjor gjekk tala på dødsfall som følgje av terrorisme ned med 28 prosent. Antalet terrorangrep gjekk ned 22 prosent.

Heile 81 land registrerte færre terrorhandlingar i 2025. 19 land opplevde rett nok fleire terrorhandlingar enn året før.

Desse tala kjem fram i rapporten Global Terrorism Index 2026 som er utarbeidd av Institutt for økonomi og fred (IEP).

Institutt for økonomi og fred bruker forsking til å vise at fred er eit mål ein kan nå i verda, og at fred fører til velstand og utvikling.