Tre år med krig i Sudan: 19 millionar menneske står i fare for å svelte

Denne veka har Sudan vore i krig i tre år. Krigen blir omtala som verdas største humanitære krise, både på grunn av kor mange som har mått flykte, og mangelen på mat.

Ni millionar er fordrivne i Sudan etter tre år med krig, ifølgje nyheitsbyrået AP. Fordrivne personar er folk som flyktar eller blir tvunge på flukt frå heimstaden sin.

19 millionar menneske er i fare for å svelte i hel eller bli underernært fordi dei ikkje har tilgang på nok mat, ifølgje Verdas matvareprogram. 59 000 menneske er drepne i konflikten, men talet kan vere høgare.

Ifølgje nye tal frå FN har 700 menneske blitt drepne av droneåtak i Sudan så langt i år, skriv France24.

Krigen blir i hovudsak kjempa mellom militæret i landet og den delvis militære gruppa Rapid Support Forces, eller RFS. Den internasjonale straffedomstolen undersøkjer om det skjer brotsverk mot menneskeslekta i landet, spesielt i Darfur som RSF kontrollerer. Det har vore fleire skuldingar om krigsbrotsverk og folkemord.