Aldri før har nordmenn kjøpt så få plastposar

I 2022 kjøpte vi 126 plastposar per innbyggjar (PPI). I år har vi halvert innkjøpet til 53 PPI.

Handelens miljøfond
  • Handelens miljøfond er ein stor aktør i Noreg.
  • Arbeidet deira handlar mellom anna om å støtte tiltak for å redusere plastforsøpling.
  • Visjonen deira er plast i kretsløp – ikkje i naturen.
  • Plastposekontingenten er ein sum som må betalast til Handelens miljøfond per plastpose.
  • I tillegg til plastposekontingenten tar butikken betalt for posane, og ein moms skal òg betalast til staten. Derfor kostar det 6,75 kroner for ein plastpose i butikken.
LES FAKTALUKK FAKTA

Du kjenner til dei; plastposane som ein kjøper i butikken for å bere med seg handelen heim. Kanskje var din familie ein av dei mange som brukte posane til restavfall?

No er det rekordlågt tal på kor mange som kjøper dei i butikkane. Det melder NRK.

I starten av april gjekk prisen på plastposar opp frå 3 til 4 kroner. Det er Handelens miljøfond som bestemmer plastposekontingenten.

Dei sette opp prisen på plastposar fordi dei ønskte at forbruket av plastposar skulle gå fortare ned, forklarer NRK.