Minecraft kan hjelpe deg å bli flink med folk

Mange elskar spelet som let deg byggja store slott, finna skattar og passa deg for farlege zombiar. Men visste du at Minecraft også kan hjelpa deg å læra sosiale ferdigheiter?

Forskarar i Tyskland har gjort ei spennande undersøking. Dei lét folk spela Minecraft og undersøkte korleis spelarane oppførte seg. Det viste seg at dei som var flinke til å samarbeida og læra av andre, gjorde det best i spelet, skriv Forskning.no.

– Det viktigaste for å lykkast i Minecraft er evna til å tilpassa seg, skriv forskarar frå Max Planck Institute for Human Development i Berlin i ei pressemelding.

Det handlar altså ikkje berre om å vera kreativ – du må også vera god til å tilpassa deg og jobba saman med andre, viser studien som nyleg vart omtala i tidsskriftet Nature Communications.

GIF: Giphy.com

Fekk tak i fleire ressursar

I Minecraft må ein ofte velja: Skal ein leita etter noko åleine, eller skal ein følgja etter ein annan spelar som kanskje har funne noko bra?

I undersøkinga fann forskarane at dei som følgde med på kva andre gjorde, og lærte av det, fekk tak i fleire ressursar – som jern og diamantar.