Biletet er laga med kunstig intelligens, og viser Trump med kvite klede, stor bispelue og eit gyllent kors.
Biletet vart lagt ut på Trump sitt eigne sosiale medium Truth Social utan tekst. Men tidlegare i veka spøkte Trump med at han gjerne skulle vore pave etter at pave Frans døydde 21. april.
– Eg vil gjerne bli pave, det ville vore førstevalet mitt, sa han.
Sinte katolikkar
– Ver vennleg og fjern dette. Eg veit at det er meint som ein uskuldig spøk, men mange katolikkar, meg sjølv inkludert, opplever dette som ein stor mangel på respekt overfor både tidlegare og framtidige leiarar av kyrkja vår, skriv ein brukar ifølgje VG.
– Donald Trump har nettopp lagt ut eit bilete av seg sjølv som paven. Det heile byrjar å bli fullstendig galskap no, skriv ein annan.
