Ei gruppe som heiter Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har undersøkt kor mykje CO₂ (eller karbondioksid, ein gass som i for store mengder er viktigaste årsaka til klimaendringar) som kjem frå alt som har med internett og elektronikk å gjera i Noreg.

I 2024 var det på 1,1 millionar tonn, skriv NRK. Det er nesten like mykje som dei norske flya sleppte ut året før – som var 1,2 millionar tonn.
Bruk tinga dine lenger
– 75 prosent av utsleppa kjem frå digitale forbruksvarer. Det er mykje å spara på å reparera nettbrett og PC-ar framfor å kjøpa nytt, eller å bruka mobilen eitt år lengre, seier digitaliseringsminister Karianne Tung.
I år 2050 kan all teknologien forureina nesten tre gonger så mykje som i dag, ifølgje undersøkinga.
Det var NTB som fyrst omtala saka.