Førarhundvettreglane
- Eg jobbar når sela er på. Ikkje klapp, snakk eller ta augekontakt med meg
- Hald hunden din på avstand, så vi ikkje møtast for tett
- Gje deg gjerne til å kjenne, og fortel eigaren min at du har med hund
- Om eg går utan sele, spør eigaren min om det er greitt før du slepp din hund bort til meg
- Ikkje gje meg godbitar – det er det berre eigaren min som får gjere
- Om du vil gjere merksam på ein fare, sei ifrå til eigaren min
- Om eg går utan sele kan du spørje eigaren min om å få klappe meg
Førarhundens dag blir markert kvart år, på den siste onsdagen i april.
I år er temaet til Norges Blindeforbund «førarhund velkomen». Blindeforbundet vil at dagen skal framheve at førarhundar på jobb skal kunne kome inn på alle stader der kundar har tilgang. Dette inkluderer taxiar og restaurantar.
Derfor relanserer dei klistremerket som viser at førarhundar er velkomne på offentlege stadar.
Førarhunden er på jobb
Det kan vere lett å bli freista til å gå bort og helse på ein hund, eller la din eigen hund helse på. Men dette kan vere til fare for den blinde eller svaksynte som treng hunden.
Tidlegare har Blindeforbundet laga ei liste over reglar å følgje, kalla Førarhundvettreglane. Desse reglane skal gjere det lett å forstå korleis å oppføre seg i møte med førarhundar.