Dei har likt å bake heile livet.
– Eg var tre år då eg bakte mi første kake. Den bakte eg saman med bestemor, fortel Lilja.
Det var bestemødrene hennar som lærte ho kunsten å bake. Sidan den første kaka har bakeinteressa hennar berre auka. Ho bakar oftast brownies og marsipankake heime.
– Eg bakte ei marsipankake til ein dåp ein gong. Då laga eg også ein marsipanbaby på toppen av kaka, seier Lilja.
For Benjamin sin del, var det då han begynte med mat og helse-timane i sjette klasse at baking begynte å bli veldig gøy.
– Då eg blei ferdig med å lage noko i timane, laga eg det igjen då eg kom heim. Det var sånn den store bakeinteressa begynte, seier Benjamin.
Det kjekkaste han veit å bake, er ostekake.
– Men det tar litt tid å lage, så det har eg ikkje fått gjort her i Bakemeisterskapet Junior, fortel Benjamin.

Har brukt tid på å førebu seg før konkurransen
Både Benjamin og Lilja blei overraska då dei fekk vite at dei var ein av deltakarane i Bakemeisterskapet Junior.
– Det var veldig gøy å få vite at eg skulle bli med. Eg trudde ikkje at eg kom inn, for eg er den yngste her. Så det var veldig spennande, seier Lilja.
– Då eg fekk vite at eg kom med i Bakemeisterskapet, blei eg veldig sjokka. Eg hadde aldri trudd det. Det var jo masse flinke folk på audition, seier Benjamin.
Dei har brukt tid før konkurransen på å førebu seg.
– Eg har prøvebakt alle kakene, og så har eg lese gjennom alle oppskriftene slik at eg veit alt, fortel Lilja.
– Eg har øvd på å lage mange kaker, søkt opp litt oppskrifter og prøvd å finne ulike blandingar, seier Benjamin.

Annleis å bake framfor kamera
Å bake er noko av det kjekkaste Lilja veit.
– Eg blir veldig glad av å bake. Det er ein del av livet mitt på ein måte, seier Lilja.
Men til forskjell frå når ho står på kjøkkenet heime, baker ho på tid i Bakemeisterskapet Junior.
– Det er ganske mykje stress under innspelinga. Når du baker på tid, må du vere effektiv og bruke tida bra. I Bakemeisterskapet Junior baker vi masse forskjellig, og nokre kaker har eg ikkje øvd på i det heile tatt. Då er det viktig å kunne det grunnleggande med baking godt, som steiketid og sånne ting, seier Lilja.
I tillegg til å bake på tid under konkurransen, er det også uvant å bake framfor kamera.
– Det er litt stressande å bli filma. For eksempel kan vi ikkje sjå inn i kamera, så vi må enten sjå på ein annan person eller på det du driv med, seier Lilja.
Også Benjamin har kjent på at det er litt annleis å bake når han blir filma.
– Eg er eigentleg veldig nervøs når eg høyrer at vi skal starte, men det er berre å prøve å halde roen. Det er meir stress å bake på kamera. Rekk ein det ikkje på tid her, så får ein ikkje eit kvarter ekstra til å gjere det, seier Benjamin.

Viktig å vere nøye for å bli god til å bake
Lilja og Benjamin er einige om at det er viktig å følgje oppskrifta for å bli god til å bake.
– Men det er også viktig å halde seg roleg og ikkje begynne å stresse. For då gløymer du å ha oppi det og det, og så blir heile greia øydelagt. Det er dessverre ikkje mogleg å redde ein bolledeig viss du har gløymt å ta oppi gjæren. Då er det over, seier Benjamin.
Benjamin har nokre tips til barn som ønsker å bli flinke til å bake.
– Start med bra oppskrifter og les dei nøye. Ikkje start med å ha noko tidspress på deg sjølv. Lag kaka først ein gong for gøy. Så kan du begynne å pynte kaka litt forskjellig, og etter det kan du kanskje prøve å skjære ho i to og ha lag med krem.
Berre start ein stad og gå høgare og høgare opp.