Teikneserieskapar Cathrine Sandmæl drøymte seg bort i fantasy-bøker

Cathrine Sandmæl er skaparen av teikneserieboka Jenter, som handlar om venskap og kjærleik. Sjølv likte ho aller best bøker prega av magi og fantasi, då ho var ung.

Cathrine Sandmæl

Alder: 34

Frå: Oppegård

Yrke: Teikneserieskapar og illustratør

Kor mykje les du? 10–15 bøker i året, pluss minus. Mykje av det er teikneseriar, men også romanar og litt fakta.

LES FAKTALUKK FAKTA

Då Cathrine var lita blei ho lese høgt for, mellom anna frå Disney-bøker og bøker av Roald Dahl. Seinare begynte ho sjølv å lese Harry Potter høgt for søskena sine.

Harry Potter var ein serie som fenga meg tidleg, men eg gløymer heller ikkje kor mykje eg likte Matilda av Roald Dahl. Eg likte veldig godt bøker om barn som hadde spesielle og overnaturlege evner, fortel Cathrine i ein e-post.

Omslag: Cappelen Damm og Gyldendal

Teikneseriar – ein evig favoritt

Som ung var det rett nok teikneserie-sjangeren Cathrine var aller mest glad i.

– Eg las alt eg kom over heime og på biblioteket.

Cathrine syntest teikneseriane var aller best når dei inneheldt litt magi, slik som til dømes Disney-teikneserien W.i.t.c.h.

Fakta og fantasi

Cathrine rår barn og unge til å gå på biblioteket og ta seg god tid til å bla i masse bøker, for å finne leselyst og leseglede.

– Du ikkje lese ein roman – om faktabøker og teikneseriar er det som fenger deg, så les slike bøker, oppmodar ho

Sjølv erfarte Cathrine som ung at fantasy-bøker gav ho ei moglegheit til å drøyme seg litt bort, og difor las ho mykje av dette.

– Men eg slukte også faktabøker sidan eg elska å forstå korleis verda fungerte.

JENTER: Ei av sidene i teikneserieboka Jenter, som er skrive og illustrert av Cathrine. Illustrasjon: Cathrine Sandmæl

Tre kjappe

– Kor les du?

– I senga eller på sofaen seint på kvelden. Om sommaren er det ofte i solveggen.

– Kva likar du aller best å teikne?

– Eg kan teikne hår i all æve. Og søte hundar.

– Kva forfattar/illustratør/teikneserieskapar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Tove Jansson, ho verka som ein fantastisk kul person.

KUNSTNAR OG FORFATTAR: Tove Jansson var skaparen av Mummitroll-universet. Foto: AP Photo / LEHTIKUVA / REINO LOPPINEN, FINLAND OUT