Ein professor ved Universitetet i California, Ren Ng, har vore med på ein studie som viser at det finst ein heilt ny farge. Det melder BBC News.
Fargen er usynleg for vårt blotte auge, men ved bruk av utstyr som laser, meiner forskarane at dei har funne fargen dei har kalla «olo».
Professor Ng sa til BBC Radio 4 sitt program «Today» at fargen dei såg er ein uvanleg metta farge som ein ikkje kan sjå i omverda.
Ein «metta» farge er ein veldig sterk farge. I illustrasjonsbiletet under kan de sjå eit forsøk på å gjenskape fargen:

Kan hjelpe fargeblinde
Om studien faktisk har funne ein heilt ny farge, er framleis diskutabelt, ifølgje professor John Barbur. Men professor Ng fortel at denne studien skal sjåast nærare på.
Dette er fordi studien kan bety noko for dei som er fargeblinde, altso dei som slit med å sjå forskjellen på farge. Det kan vere at dette kan gi fargeblinde personar eit fullstendig fargesyn, skriv forskarane i studierapporten sin.