Katolisisme
- Den største retninga innan kristendommen – dei to andre retningane er protestantisme (største i Noreg) og den ortodokse kyrkje.
- Den katolske kyrkja har over 1,3 milliardar medlemmar.
- Den katolske kyrkja har sitt sentrum i Vatikanstaten i Roma i Italia.
- Paven bur i Vatikanstaten og er katolikkane sin øvste religiøse leiar.
Kjelde: Vesle norske leksikon
1. Paven bestemmer over alle katolikkar når det gjeld kristendom
Paven er katolikkane sin øvste leiar. Om katolikkar er usamde om kristen lære, er det paven som til slutt bestemmer kva som er det riktige.
2. Det har vore 266 pavar til no
Pave Frans blei valt til den 266. paven i 2013. Valet av ny pave startar mellom 15 og 20 dagar etter at paven har døydd eller gått av. Med det vil valet av den 267. paven skje i mai.
3. Berre menn kan bli pave
Paven blir valt av katolske prestar og kardinalar. Kardinalane er valt av paven og er hans viktigaste medarbeidarar. Det er berre menn som kan bli valt som pave. Den som blir valt, skal vere pave resten av livet eller så lenge han sjølv ønskjer.

4. Alle pavar byter namn
Jorge Mario Bergoglio var tidlegare erkebiskop i heimbyen Buenos Aires i Argentina, men då han 3. mars 2013 blei valt til pave skifta han namn til Frans. Sidan 1555 har alle pavar bytta namn når dei har blitt valt. Dei vel gjerne å kalle seg opp att etter tidlegare pavar.
5. Paven blir rekna som etterfølgjar av ein av Jesus’ disiplar
Peter, ein av disiplane til Jesus, blir rekna som den første paven, av katolikkane. Han levde fram til år 64 eller 67 etter vår tidsrekning. I dag blir paven tenkt på som etterfølgjar av Peter.
6. Biskopar må besøke paven kvart 5. år
Ein biskop er den øvste leiaren for mange prestar i eitt bestemt, stort område. Katolske biskopar må dra til paven i Roma kvart 5. år for å gi ein rapport om arbeidet sitt. Slik følgjer paven med på kva som skjer i katolske kyrkjer over heile verda.

7. Paven bur i verdas minste land
Paven bur i Vatikanstaten som ligg i Italias hovudstad Roma. Vatikanstaten er verdas minste land med ein størrelse på 400 kvadratkilometer. Her bur det 800 menneske og dei fleste er menn og katolikkar. Paven fungerer som statsleiar i Vatikanstaten
8. Pavar skal gravleggjast etter 4 til 6 dagar
Pave Frans blir gravlagd laurdag 26. april, fem dagar etter han døydde. Ifølgje katolsk tradisjon skal paven gravleggjast fire til seks dagar etter han døydde.