Kva er eigentleg ei påskeeggjakt for dyr?
– Det er ein måte å aktivisera dyra på, samtidig som me skaper litt ekstra stemning i påska. Dyra har jo ikkje noko forhold til sjølve høgtida, men dei liker utfordringar og nye ting. Påskeegga er mest for menneska sin del, men dyra synest det er gøy. Det blir ei form for leikeaktivitet for dei.

Korleis ser eit slikt påskeegg ut?
– Me bruker papp-egg som me fyller med mat dyra liker. Kva slags mat avheng heilt av kva dyr det er. Me har frukt og larvar til apene, medan sjimpansane har fått vanlege egg me har farga. For rovdyra kan me bruka blod for å gjera egget ekstra spennande. Nokre av dyreungane, som gepardane, synest det er morosamt å rulla egga rundt før dei opnar dei.
Er det nokon spesielle dyr som får vera med på eggjakta?
– Mange! Apene, sjimpansane, løvene og gepardane, men også mange av dei mindre apene og rovdyra i Nordisk villmark. Det er eigentleg ganske mange av dyra me aktiviserer med påsketema.
Korleis går planlegginga føre seg?
– Me gjer det i samarbeid med dei ulike dyrepassarane. Dei er med på å finna på kreative løysingar. Me kjøper inn egg, og så lagar me ulike variantar ut frå kva som passar kvart enkelt dyr.
Tilpassar de eggjakta etter dyrearten?
– Absolutt. Me må tenkja på kva slags utfordringar som passar for kvar art. Til dømes hang me egga høgt oppe hos apene så dei måtte klatra for å få tak i dei. Hos surikatene borra me hol i egga så larvane kunne krypa ut. Då måtte surikatene jakta på dei. Det handlar om å bruka kroppen og hovudet.
Bruker de spesielle lukter eller smaker for å gjera egga meir interessante?
– Ja, det kan me gjera. Lukter er spesielt viktig for rovdyr. Me kan til dømes ha litt blod i egga, så dei må snusa seg fram og leita. Det er ein måte å trigga naturleg åtferd på.
Kvifor er det viktig å gi dyr slike utfordringar?
– I naturen bruker dyra mykje tid og energi på å finna mat. I ein dyrepark blir dei serverte maten, og då treng dei å bli aktiviserte på andre måtar. Dei må få bruka både kropp og hovud. Det gjer dei sunnare og meir tilfredse. Særleg sjimpansar og orangutangar treng mykje mental stimulering. Dei er utruleg smarte og liker å løysa problem. Det er viktig at dei har noko å halda på med.
Kva synest dyra sjølv om denne typen aktivitet?
– Dei verkar som dei synest det er gøy! Det er noko nytt, det luktar annleis, og dei må jobba litt for å få tak i maten. Det blir ein god variasjon i kvardagen deira.