Ut på tur i påska? Sjå etter bæsj!

I påska blir det ofte mange turar rundt i skog og mark. Sidan mange er ute, kjem Rovdata med ei oppfordring: hald auga opne for bæsj frå jerv.

Når du skal ut på påsketurar denne veka, ta med deg ein rein plastpose. Det oppfordrar Rovdata alle til å gjere.

Innsamling av bæsj og meldingar frå turgåarar om det dei ser er ein viktig del av korleis Rovdata held oppsyn med rovdyra i Noreg – og Skandinavia generelt.

– Vi brukar DNA-analysar for å identifisere kva individ prøva stammar frå, forklarar leiaren for Rovdata, Jonas Kindberg på Rovdata sine sider. På denne måten kan dei finne ut kor mange jervar det finst i Noreg.

Ein jervebæsj frå mars i 2024. Foto: Miljødirektoratet / SNO

Å plukke opp ein bæsj kan verke ganske enkelt, spesielt for dei som har hund. Men når det kjem til prøver som skal analyserast, så er det veldig viktig at ingenting skadar prøva.

– Det er viktig at du ikkje tar direkte på skiten. Putt handa ned i posen, plukk opp ein bit av skiten, og vreng posen rundt prøva, forklarar Kindberg.

Prøva blir sendt til Statens naturoppsyn (SNO).

I 2024 blei det funne 61 valpekull av jerv i Noreg. Det er ein nedgang på 3 kull samanlikna med 2024. Kart: Rovdata