Det skriv the Peak Magazine, eit nyhendeblad i Singapore. Filtera vil vere veldig nyttige for område ramma av, til dømes, naturkatastrofar.
Vassfiltera kan enkelt fraktast, og er ikkje vanskelege å ta i bruk. Utviklarane av Wateroam ønskjer seg ei verd der det ikkje er mangel på reint vatn. Skitent vatn har med seg bakteriar og kan gjere folk alvorleg sjuke. Wateroam vil jobbe for å minske sjukdomane som kjem av vassborne bakteriar.