Dette skjedde på solidaritetsmarknaden i 2024
- Snømannutstilling
- Sal av snølykter
- Steinalderutstilling
- Kunstutstilling med bilde inspirert av Edvard Munch
- Sal av gjenbruksvarer
- Kafé med lussekattar og gløgg
- Tombola
- Sal av lodd på fruktkorg
- Minikonsert
- Refleksløype
I 2025 vil rekordmange barn i verda trenge naudhjelp, ifølgje ein rapport lagt fram av hjelpeorganisasjonen UNICEF.
Christer Sjøblom, ansvarleg for skuleinnsamlingar i UNICEF, meiner det er veldig viktig at norske barn og unge veit om og engasjerer seg i dette.
Og barn som engasjerer seg finn vi mellom anna på Jansløkka skole.
Årleg arrangerer nemleg elevane ved Asker-skulen ein solidaritetsmarknad der inntektene

går til eit velgjerande formål. Med elevrådsstyret i spissen inviterer skulen kvar desember til ein ettermiddag med variert innhald.
50 000 kroner
Då skulen arrangerte sist solidaritetsmarknad, rett før jul, samla dei inn nesten 50 000 kroner. Etter ei avstemming blant elevane, blei det bestemt at pengane skulle donerast til UNICEF.
– Det UNICEF gjer som er så bra, er å hjelpe fattige og sjuke barn, rundt om i verda. Dei sikrar at mange barn får vaksinane dei treng og hjelper barn med

utfordringar dei møter som følgje av klimaendringar og krig. Dei er med på å passe på at barn skal ha ei framtid, seier elevrådsleiar Inger Sofie Benjaminsen Goven (12).
Nestleiar Nora Gjoni (12) seier at det kjennest veldig bra å ha samla inn så mykje pengar til ein slik organisasjon.
– Det er fint å tenkje på at vi har vore med på å redde nokre barneliv.
Ei varm kjensle
– Eg vil råde andre barn som ønskjer å gjere ein forskjell, til å ta det opp i elevrådet. Då kan dei kanskje arrangere noko liknande på skulen sin, seier Inger Sofie.

Ho synest det er veldig fint å arrangere solidaritetsmarknaden, då ein får kjensla av både å ha bidrege, samstundes som at ein har det gøy.
– Når ein er med på slike innsamlingsaksjonar blir ein bevisst og tenkjer på korleis andre barn i verda har det. Då blir ein svært takknemleg over å ha det så bra sjølv, seier Inger Sofie.
Filip Arentz-Amundsen, sekretær i elevråddstyret, seier at det kjennest veldig fint å hjelpe barn som er i vanskelege situasjonar rundt om i verda.
– Når du gjer noko fint for andre, får du ei varm kjensle inni deg.

Skulle berre mangle
Elevrådsstyret er rett nok samde om at dei og andre barn i Noreg har det så bra, at det er på sin plass at dei hjelper mindre heldige barn.
– Vi har det så godt i Noreg, mens mange barn i andre land ikkje har det noko bra i det heile: Då skulle det berre mangle at vi som bur i eit så rikt land deler på goda våre, seier Nora.
Inger Sofie synest det er veldig trist å tenkje på at fleire barn som vil trenge naudhjelp framover.
– Men då er det desto viktigare at vi som faktisk kan gjere noko, gjer det. Vi kan hjelpe, så vi skal hjelpe, seier Inger Sofie.
Bidreg til å redde liv
– Det er inspirerande å sjå barn engasjere seg for å hjelpe barn i heilt andre delar av verda, seier Christer frå UNICEF.

Han fortel at pengane frå skuleinnsamlingar som solidaritetsmarknaden, kan gå til mange forskjellige formål. Til dømes kan det gå til næringsrik naudmat og medisinar, eller til å betale skuleutstyr, skulebygg eller mogleggjere at barn får gå på skule.
– Ti kroner er nok til å mette eit barn som har gått svolten i ein heil dag. Ti kroner er også nok til å gi vaksine til eit barn, slik at dei ikkje får meslingar, som er ein dødeleg sjukdom. Ti kroner kan altså vere nok til å redde liv.
Signal til vaksne
Tidlegare år har pengane frå Jansløkka skole sin solidaritetsmarknad gått til mellom anna Redd Barna.

Linn Claussen, seniorrådgivar for innsamling i Redd Barna, fortel at dei synest det er ekstra fint når barn engasjerer seg for andre barn.
– Ved å hjelpe andre barn, gir dei eit tydeleg signal til oss vaksne og dei som bestemmer her i landet, om kva dei meiner er viktig og korleis dei vil ha det i framtida, seier Linn.
Ho meiner at å arrangere innsamlingar, er ein veldig god start for å gjere ein forskjell for barn i naud i andre delar av verda.