Leksehjelp frå ChatGPT

Kanskje har du høyrt om kor fantastisk ChatGPT er, og at du no kan få hjelp til det meste via appen. Eller kanskje har du høyrt det motsette, at kunstig intelligens kan vere farleg og gjere deg dummare?

Fakta om kunstig intelligens:
  • Kunstig intelligens blir på norsk korta ned til KI og på engelsk AI, frå artificial intelligence.
  • KI er datasystem som blir lærte opp av menneske, og etter denne opplæringa kan datasystema utføre oppgåver som tidlegare ville krevje ekte menneske.
  • ChatGPT er ein chatbot som blir driven av kunstig intelligens. Chatboten kan hjelpe oss med oppgåver og spørsmål. Det er mange som har ChatGPT som ein eigen app på mobilen eller på PC-en. Lurer dei på noko, skriv eller les dei inn spørsmålet og får svar.
LES FAKTALUKK FAKTA

Her skal du få vite korleis 6. klassingane Madeleine Olsen Lundegaard (12) og Natalia Pawlak (11) brukar, og ikkje brukar, kunstig intelligens.

Nyleg jobba dei med naturfag, og då kunne dei spørje ChatGPT om hjelp med oppgåvene.

– Men det er ikkje alltid ein kan vite om svara han gir oss er rette, så då må me sjekke kjeldene, seier Madeleine.

Foto: Maren Bø

For akkurat som menneske kan også ChatGPT gi feil svar. Viss me stolar blindt på han og spreier det falske svaret vidare, kan det ende med at mange menneske sit igjen med feil kunnskap.

Og så er det ikkje alle skuleoppgåver dei kan bruke ChatGPT til.

– Det kjem litt an på kva læraren seier. Det gjeld å bruke hjelpa han gjev på rett måte, held Madeleine fram.

Perfekt til språkhjelp

No for tida les Natalia “Hobbiten”, og der kan det dukke opp vanskelege ord.

– Eg kjem frå Polen, så når eg les norske ord eg ikkje forstår, spør eg ChatGPT om hjelp.

Dette er også ein fordel dersom dei gjer lekser og det ikkje er nokon i nærleiken dei kan spørje.

– Viss ein til dømes har dysleksi eller eit leseproblem, kan ein også lime heile teksten inn i ChatGPT og få hjelp til å forstå kva han handlar om, held Madeleine fram.

Dei understrekar likevel at ChatGPT ikkje har svaret på alt.

– Då kan det vere enklare å spørje storebroren din eller noko, seier Madeleine.

Bruk hovudet

Ei ulempe med den kunstige intelligensen er at han kan gjere oss litt late.

– ChatGPT gjer at du bruker fantasien mindre. Det er alltid lurt å bruke eigne ord, for hjernen treng trening, seier Natalia.

– Viss ein til dømes berre legg inn oppgåvene og får svara rett ut, lærer ein ikkje noko. Du må bruke hovudet, seier Madeleine.

Læraren har fortalt at det må vere ein del av dei sjølve i teksten dei skriv. Teksten kan limast inn i ChatGPT og bli retta, men han kan ikkje endre seg så mykje at det ser ut som om det er nokon andre som har skrive han.

ChatGPT kan altså vere til hjelp når ein skal lære, men den største jobben må ein likevel gjere sjølv.

– Og så må vi hugse på at alle må ha eigne meiningar, og ikkje berre ChatGPT sine, seier Natalia.

Ekspert på kunstig intelligens

Morten Goodwin er ein av dei som veit mest om kunstig intelligens i landet. Han forskar og held foredrag. Her fortel han kva han synest er det beste og det verste med kunstig intelligens.

EKSPERT: Morten Goodwin veit mykje om kunstig intelligens. Foto: Ole Alvik

– Det som ikkje er bra, er at nokon kan bruke kunstig intelligens til å lage videoar som ser ekte ut, men som ikkje er det. Til dømes ein video av vår statsminister som gjer noko han aldri ville gjort i verkelegheita. Då veit vi ikkje lenger kva som er sant, sjølv om vi ser det på ein film.

Farleg i krig

– Det finst også menneske som koplar kunstig intelligens med dronar og våpen, og det kan vere farleg i krig. Heldigvis skjer ikkje dette i Noreg, men difor er det viktig å vere forsiktig med korleis vi bruker kunstig intelligens.

– Det beste med kunstig intelligens er at han kan hjelpe med så mykje forskjellig. Eg bruker kunstig intelligens til veldig mykje, for eksempel til å få hjelp med å skrive.

– Viss eg sit fast og ikkje veit kva eg skal skrive, kan kunstig intelligens gi meg nye idear. Nokre av ideane er gode, og nokre er ikkje like gode, men dei gode ideane hjelper meg å skrive betre.