Denne helga er det tid for årets lusesjekk

Mange har lus utan å merka det. Denne helga ber Helsedirektoratet alle foreldre om å sjekka barna sine. Har dine foreldre sjekka deg for lus?

Denne sjekken er ein del av den årlege lusekampanjen.

– For å bekjempa hovudlus, er det viktig at lusa blir oppdaga og behandla samtidig. Det får vi til dersom så mange som mogleg sjekkar seg på same tid, seier avdelingsdirektør Erlend Bø til NRK.

Mange har lus utan å merka det, så det er lurt å sjå etter. Oppdagar du lus, bør du starta behandling med ein gong.

Korleis sjekka for hovudlus?

  • Grei håret med ein lusekam (blir kjøpt på apotek).
  • Grei heile vegen frå hovudbotnen til hårspissane.
  • Grei i vått hår, då det hemmar rørsla til lusa.
  • Balsam kan brukast for å gjera kjemminga lettare.
  • Tørk av kammen på eit papir eller handkle etter kvart drag og sjå etter lus. Når eventuelle lus tørkar, vil dei byrja å bevega seg.
  • Greier du i tørt hår, blir det tilrådd å stå bøygd over eit kvitt handkle eller liknande. Då kan ein få auge på lus som fell ned.