Japansk forskar vil forlenga livet til kattar med ny medisin

Toru Miyazaki har som mål å fordobla levealderen til kattar ved å kurera nyresvikt.

Nyresvikt er ein vanleg årsak til at kattar lever kortare liv, og forsking viser at 40 prosent av kattar over 10 år og 80 prosent av kattar over 15 år kan utvikla sjukdommen, skriv Ung.Forskning.no.

I Noreg er det om lag 400.000 heimar som har ein katt eller fleire kattar. For mange av desse kattane er nyresvikt eit problem.

GIF: Giphy.com

Det er håp

Dyrlege Heidi Sjetne Lund ved Veterinærhøgskolen på NMBU er kjent med arbeidet til Miyazaki, men understrekar at det er mykje me framleis ikkje veit om effekten av medisinen.

Kliniske studiar er på veg, og det er håp om at dette kan føra til ei behandling som forhindrar kronisk nyresvikt hos kattar.

Testar medisinar

Kliniske studiar er forskingsprosjekt der ein testar medisinar eller behandlingar på menneske eller dyr for å sjå kor effektive og trygge dei er.

Under desse studiane blir deltakarane overvaka for å finna ut om behandlinga har ønskte effektar og om det er biverknadar. Biverknader er uønskte effektar som kan oppstå når du tar medisinar eller behandlingar.