– Det er alltid tusen unntak, men me bør diskutera utifrå ein hovudregel om at mobiltelefonar og nettbrett ikkje høyrer heime i skulen, verken i undervisninga eller i friminutta, seier barne- og undervisningsminister Mattias Tesfaye til avisa Politiken.
Den danske regjeringa vil innføra forbod mot mobiltelefonar og private nettbrett i skulane og på fritidsklubbar. Forslaget kjem etter tilråding frå Trivselskommisjonen, som har sett på korleis skjermbruk påverkar barn og unge si trivsel.
13 års grense for mobiltelefon
Mobilforbodet er eitt av Trivselskommisjonen sine i alt 35 tilrådingar. Fleire av dei handlar ifølgje Politiken om born og unge sin tilgang på skjermar og sosiale medium.
I tillegg til mobilforbodet tilrår kommisjonen barn ikkje får sin eigen smarttelefon eller nettbrett før dei er minst 13 år.
– Techgigantane veit akkurat korleis dei skal få barn til å bli hengande på plattformene sine, der dei blir bombarderte med reklame og innhald, og noko av dette kan vera skadeleg for både den fysiske og psykiske helsa til barna, seier direktør Winni Grosbøll ifølgje tv2.dk.