Halvering av tenåringsfødslar i Etiopia

I mange land sør for Sahara har talet på unge jenter som blir gravide gått ned.

Fakta om Etiopia:
  • Etiopia er ein republikk på Afrikas horn i det nordaustlege Afrika.
  • Etiopia grensar til Eritrea i nord og nordaust, Djibouti i aust, Somalia i aust og søraust, Kenya i sør og Sudan og Sør-Sudan i vest.
  • Namnet Etiopia betyr «Landet til dei svarte».
  • Landet er hyppig utsett for svolt- og tørkekatastrofar og var lenge rekna blant verdas aller fattigaste. Økonomisk vekst i dei siste åra har endra dette.
  • Etiopia er det nest mest folkerike landet i Afrika etter Nigeria.

Kjelde: Store Norske Leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Graviditet kan vere farleg for unge jenter, som ofte ikkje er fysisk klare for å føde. I tillegg kan det føre til at dei må slutte på skulen og ikkje får moglegheita til å utdanne seg, skriv Verdens Beste Nyheter.

Meir kunnskap

I Etiopia har talet på tenåringsfødslar minka med 62 prosent på 15 år, frå 191 fødslar per 1000 kvinner i 2002 til 72 i 2017. Dette har skjedd fordi fleire får tilgang til prevensjon og seksualundervisning.

Abebe Shibru, som jobbar i Etiopia for organisasjonen MSI Reproductive Choice, seier til Verdens Beste Nyheter at mange jenter blir gravide etter overgrep, eller fordi dei ikkje har fått nok informasjon om sex og prevensjon.

Håp om ei betre framtid

I nokre avsidesliggande område er det stor etterspørsel etter prevensjon, men det er vanskeleg å få tak i. MSI sender derfor folk til slike område for å tilby hjelp.

Sjølv om det er framsteg, er det framleis eit stort problem i Afrika sør for Sahara at jenter blir gravide tidleg.