Bever
- Eit mellomstort pattedyr.
- Er kjend for sine to store fortenner som dei bruker til å tygge tre med.
- Byggjer demningar og hytter langs elvar og ved innsjøar.
- Veg mellom 15 og 20 kilo og er opp mot 90 centimeter lange.
- Halen er brei, flat og er rundt 30 centimeter lang.
Kjelde: Lille norske leksikon
Ein beverfamilie i Tsjekkia har den siste tida jobba med å demme opp eit tidlegare militærområde. Dette har forvandla området til våtmark med dammar og kanalar, skriv The Guardian.
Demningsarbeidet beverane no har gjort har vore planlagt av tsjekkiske myndigheiter sidan 2018, men har av ulike grunnar vorte utsett. No har beverane kome staten i forkjøpet og spara dei for arbeid som ville kosta 1,15 millionar euro (14 millionar norske kroner).

Varetek naturen
Årsaka til demningsplanane var å hindre forureining i ei nærliggjande elv, for å beskytte den utryddingstruga krepsen som lever der.
Samstundes vil våtmarksområdet oppdemminga har ført til, skape grunnlag for eit rikt dyreliv i området.
– Beverar er heilt fantastiske og når dei er i eit område der dei ikkje kan gjere skade, gjer dei ein utmerkt jobb, seier Bohumil Fišer som jobbar med naturvern i Tsjekkia.