Mette-Marit har fått nye lunger – ekspert meiner prins Sverre Magnus bør få ei rolle

Kronprinsesse Mette-Marit har fått nye lunger etter ein transplantasjon på Rikshospitalet i Oslo. Operasjonen har så langt vore vellykka, opplyser Slottet.

Visste du?

Ved ein lungetransplantasjon får ein person eitt eller to nye lunger frå ein donor. Etter operasjonen må pasienten bruke medisinar resten av livet for at kroppen ikkje skal avvise dei nye lungene.

LES FAKTALUKK FAKTA

Mette-Marit har i fleire år vore sjuk med den kroniske lungesjukdommen lungefibrose. Tidlegare i år fortalde Slottet at sjukdommen hadde blitt verre, og at kronprinsessa hadde behov for lunger frå ein organdonor.

– Lungetransplantasjonen har så langt vore vellukka, uttalar avdelingsleiar Arnt Fiane ved Thoraxkirurgisk avdeling på Rikshospitalet til NRK.

Fleire må trø til

Kronprins Haakon kjem til å gjere endringar i arbeidsprogrammet sitt for å vere saman med kona i denne perioden. Samtidig seier historikar og kongehusekspert Trond Norén Isaksen til NRK at kongehuset treng fleire medlemmer som kan ta på seg offisielle oppgåver.

Tidlegare denne veka vart det klart at Prinsesse Ingrid Alexandra skal kunne fungere som regent når kong Harald og kronprins Haakon ikkje er til stades. Ein regent er ein person som kan utføre dei viktigaste oppgåvene til kongen dersom kongen ikkje kan gjere det sjølv.

Isaksen meiner også at Prins Sverre Magnus bør få ei større rolle.

– Eg trur at om kongehuset skal gå rundt, så treng prins Sverre Magnus ei offisiell rolle.

Ifølgje eksperten jobbar kronprins Haakon svært mykje, og kongehuset har få reservar som kan steppe inn dersom nokon blir sjuke eller er borte over lengre tid.