Nora (12): – Eg hadde aldri brukt kunstig intelligens før

Nora ville laga ein stupar, Adrian valde ein Roblox-figur, og Peder gjekk for basketball. Då dei fekk bruke kunstig intelligens (KI) til å laga eigne t-skjortedesign, oppdaga dei at det både var gøy og litt utfordrande å få KI-en til å forstå kva dei meinte.

Nora Haugland (12), Adrian Olderkjær Veivåg (12) og Peder Vatna (12) hadde ulike idear då dei skulle lage eigne bilete med kunstig intelligens. Målet var å få motiva trykte på kvar si t-skjorte, men først måtte dei finne ut korleis dei skulle få KI-en til å forstå kva dei ville ha.

– Først prøvde eg å laga eit bilete om symjing. Eg søkte på ulike ting og prøvde meg fram til eg fann noko eg likte, seier Nora. Foto: Janne Nerheim

For Nora var det første gong ho prøvde kunstig intelligens.

– Det var gøy. Eg hadde aldri brukt KI før.

Ho byrja med å utforske ulike idear knytte til symjing.

– Først tenkte eg på ein symjar, men så fann eg ut at det hadde vore kult med nokon som stupte frå ein stupeplattform. Det blei motivet eg valde til slutt.

Favorittfigur

Adrian hadde ein heilt annan idé. Han ville lage ein figur frå favorittspelet sitt.

– Eg laga ein Roblox-figur som eg brukar mykje når eg spelar. Eg tenkte det hadde vore kult å ha figuren på ei t-skjorte.

For Peder var valet enkelt.

– Eg valde eit basketballmotiv fordi eg spelar basketball sjølv og synest det er veldig gøy. Eg har spelt i omtrent eitt og eit halvt år, fortel han.

Sjølv om ideane var ulike, møtte dei fleire av dei same utfordringane undervegs.

Adrian. Foto: Janne Nerheim

– I starten skjønte eigentleg ikkje KI-en kva eg meinte. Det tok litt tid, seier Adrian.

– Det tok ganske lang tid før programmet skjønte kva eg meinte, seier Peder.

For å hjelpe KI-en på rett spor fann begge fram bilete som viste kva dei ønskte seg.

Enkelt og tydeleg

Nora opplevde at enkle og tydelege beskjedar fungerte godt.

– Eg prøvde å skrive ganske enkelt og tydeleg.

Undervegs oppdaga dei sider ved teknologien som overraska dei.

– Ja, eg blei overraska over kor flinke KI-programma er til å laga bilete. Eg hadde ikkje trudd det skulle bli så bra, seier Nora.

– Eg blei overraska over kor fort maskina klarte å laga trykket då me først var ferdige, seier Peder.

Peder. Foto: Janne Nerheim

Samtidig byrja dei å tenkje på kven som eigentleg hadde laga bileta då Framtida Junior spurte om dei følte at dei hadde laga bileta sjølv.

– Både ja og nei. Eg hadde jo ideen og gav instruksjonane, men det er ikkje eg som har teikna det, seier Nora.

– Litt. Eg bestemte jo korleis det skulle sjå ut, men KI hjelpte til med å laga det, seier Adrian.

– Ja, litt. Eg måtte jo forklare ganske nøye kva eg ville ha, seier Peder.

Fordeler og ulemper

Barna ser både fordelar og ulemper med kunstig intelligens samanlikna med å teikne sjølve.

– Når du teiknar sjølv, blir det ikkje alltid akkurat slik du ser det for deg. Med KI kan det bli mykje meir slik du hadde tenkt, seier Nora.

– Eg likar eigentleg best å teikna sjølv. Då veit eg akkurat kva eg skal laga, seier Adrian.

– KI går mykje fortare. Men viss eg skulle brukt fantasien heilt fritt, ville eg kanskje heller teikna sjølv, seier Peder.

Til slutt fekk dei sjå motiva sine bli til ekte t-skjortedesign.

– Det var ganske kult, seier Nora.

– Det blir veldig kult. Eg kjem sikkert til å vise det fram til vennene mine, seier Adrian.