Nye medlemmar i Barnas klimapanel: – Høyr på oss

Rosalind (14), Tyra (11) og Sander (12) er nyvalde medlemmar i Barnas klimapanel. Med kvar sine hjartesaker ser dei fram til å ta fatt på det same målet: Å formidle barn sine stemmer i klimapolitikken.

Miljøagent

Ein miljøagent er nokon som er medlem i Miljøagentene. Miljøagentene er ein miljøorganisasjon for barn i Noreg. Dei jobbar for at barn sine meiningar om jorda si framtid blir høyrt og handla etter.

Kjelde: miljøagentene.no

LES FAKTALUKK FAKTA

Årleg blir det valt eit nytt Barnas klimapanel og i helga var det nye panelet samla for første gong.

Rosalind Ghafoor Bjerkeland (14), Tyra Olivia Hestø Andersen (11) og Sander Øverli Gjerde (12) er blant dei som blei valt inn i årets panel.

Demokratisk valt

Rosalind, Tyra og Sander er alle nyinnvalde i panelet, men har bakgrunn som miljøagentar. Difor kjende dei både til kvarandre og dei andre panelmedlemmane frå før.

Sander Øverli Gjerde. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

– Sjølv om vi kjenner kvarandre var det spesielt å møte dei no, sidan vi skal sitte saman i panelet i eitt år. Det er alltid hyggeleg å vere med andre folk som engasjerer seg, seier Sander til Framtida junior.

Medlemmane i Barnas klimapanel blir årleg stemt fram av dei andre miljøagentane. For å stille til val må ein mellom anna dele kva klimasak ein brenn for og kva ein vil oppnå med å sitte i Barnas klimapanel.

Hjartesaker

Saka Sander stilte til val med og brenn for når det gjeld klima, er å få færre vindmøller i norsk natur.

Tyra Olivia Hestø Andersen. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

– Eg vil jobbe for meir fornybar energi som ikkje gjer for store inngrep på naturen eller går utover dyrelivet, slik eg meiner vindmøller gjer.

Tyra sin hjartesak er å ta vare på naturen over heile kloda.

– Eg er oppteken å ta vare på utryddingstruga dyreartar, regnskogen på jorda og å redusere plast i havet. Alt dette er viktig for framtida vår.

Rosalind på si side har eit brennande engasjement for er at det skal handlast på det barn seier.

– Vi skal ikkje berre bli lytta til. Min hjartesak er at våre meiningar faktisk skal bli teke på alvor, hugsa og gjort noko med av dei vaksne som sit med makta.

Rosalind Ghafoor Bjerkeland. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Ikkje redde for å kjefte

Og det er nett dette som er alle tre sitt mål med å sitte i Barnas klimapanel; å få vaksne til å høyre og handle på det barn seier.

– Korleis skal dykk få til dette?

– Vi må prøve å snakke så tydeleg som mogleg slik at dei vaksne høyrer kva i seier. Det er veldig viktig, sidan det er vi som skal arve jorda og naturen, og ha eit godt liv i framtida, seier Tyra.

– For å få vaksne til å høyre må vi vise til fakta og statistikk, i tillegg til å vise kor mykje bra som kan gjerast for klimaet om dei høyrer, legg Rosalind til.

Ho set pris på å som medlem i Barnas klimapanel få møte og snakke med politikarar og vaksne med makt.

– Då får vi følelsen av at vi blir høyrt. Vi er heller ikkje redde for å vere litt strenge og kjefte for å få fram det vi meiner.

– Meir framoverlente enn vaksne

Klima og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen seier til Framtida junior at han alltid tek med seg det som barn og unge generelt, og særleg Barnas klimapanel, legg fram.

– Vi politikarar forvaltar jo deira felles framtid. Nokre gonger vi er vi einige og andre gonger er vi ueinige, men slik er eit demokrati, seier Andreas.

MØTE MED MINISTER: Tyra og Sander saman med resten av Barnas klimapanel møtte nyleg klima og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Samanlikna med vaksne aktørar, opplever klimaministeren Barnas klimapanel som meir utolmodige.

– Vi ser at Barnas klimapanel er endå meir framoverlente enn vaksne. Det er ikkje rart, for det er dei som må leve med dei største kostnadane om vi ikkje får til klimapolitikken på ein skikkeleg måte.

At barn og unge ikkje føler seg høyrt i klimapolitikken i dag, er noko Andreas tek på alvor.

– Difor har vi vore opptekne av å legge til rette for gode møteplassar der vi politikarar kan snakke med og få innspel frå barn og unge. Barnas klimapanel er eit veldig godt eksempel på det.

NYVALT BARNAS KLIMAPANEL: Frå venstre: Sander Øverli Gjerde (12), Jonah Paalstrøm Sandanger (12), Rosalind Ghafoor Bjerkeland (14), Maria Tøsse Pihlstrøm (14), Anna Halten Horn (13), Tyra Olivia Hestø Andersen (11). Maria er ny leiar og Anna er ny nestleiar i panelet. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken