Fakta: Kva er frekner?
- Frekner er lysebrune pigmentflekkar på solutsette hudområde.
- Frekner finst typisk saman med blå auge og raudt eller lyst hår.
- Frekner er mest til stades tidleg i livet, og dei er meir synleg om sommaren.
- Frekner blir raskt brune ved soling, men brunfargen går fort tilbake etter at solinga er avslutta.
- Personar med frekner har stavforma pigmentkorn, i motsetning til personar utan frekner, som har runde pigmentkorn.
Julianne Moore skriv på Instagram at ho er lei seg over avgjersla om å fjerne boka frå bibliotekhyllene.

«Freckleface Strawberry» handlar om ei jente som mislikar frekner, men som lærer å leve med dei, skriv NRK.
– Det er ei bok eg skreiv for mine barn og for andre barn for å minna dei på at me alle strevar, men at me er foreinte gjennom vår menneskelegheit og vårt fellesskap, skriv Moore.

Notat frå Pentagon
Bakgrunnen for avgjerda om å fjerne boka er eit notat frå Pentagon. Pentagon er hovudkontoret for det amerikanske forsvaret.
I notatet står det at dei undersøkjer bøker på bibliotek som kan vera «potensielt relatert til kjønnsideologi eller diskriminerande likestillingsideologi». Det betyr at dei undersøker bøker som handlar om korleis folk skal vera på grunn av kjønn, som for eksempel om nokon kan vera mann eller kvinne. Det tyder også at dei vil sjå nærare på bøker som kan vera med på å behandle folk ulikt, på grunn av kjønn eller andre grunnar.
Øvst i artikkelen kan du sjå ein YouTube-video der dei les høgt frå boka på engelsk.