Fakta: Temu
- Temu er ein nettbutikk som blir driven av det kinesiske e-handelsselskapet PDD Holdings.
- Nettbutikken er ei plattform der produsentar kan selja produkta sine direkte til forbrukar, utan mellomledd.
(Kjelde: Wikipedia)
Temu har fått kritikk frå Miljødirektoratet etter at undersøkingar avdekka fleire helse- og miljøfarlege stoff i fleire av produkta som blei kontrollert.
Framtida Junior har spurt Michael Falk om kva Temu tenkjer om tilbakemeldinga frå Miljødirektoratet. Han fortel at Temu jamnleg avsluttar samarbeid med leverandørar som ikke oppfyller krava dei stiller til tryggleik.
Kva tenkjer du om at det er funne giftige stoff i produkt frå Temu?
– Desse produkta har raskt vorte fjerna av Temu og er derfor ikkje lenger tilgjengelege for kjøp.
Kva gjer Temu med dette?
– Temu utviklar prosessane sine for å forbetra produkttryggleiken.
Kva tenkjer du om barna som allereie har kjøpt produkt med gift som kan gjera dei sjuke?
– Det er alvorleg og veldig trist at noko slikt kan skje. Som sagt er desse produkta no fjerna. Alle som allereie har kjøpt produkta er velkommen til å kontakta kundeservice for å finna ei løysing.