Fann farlege miljøgifter i produkt frå Temu

8 av dei 13 produkta som Miljødirektoratet kjøpte inn frå Temu for kontroll, inneheldt fleire helse- og miljøfarlege stoff.

Fakta om Temu:
  • Temu er ein nettbutikk som blir driven av det kinesiske e-handelsselskapet PDD Holdings.
  • Nettbutikken er ei plattform der produsentar kan selja produkta sine direkte til forbrukar, utan mellomledd.
LES FAKTALUKK FAKTA

I alt 13 produkt som sandalar, smykke og rangler til barn vart kjøpte inn og sende til analyse i laboratorium. Miljødirektoratet ville sjekka om varene inneheldt miljøgifter som er strengt regulerte i Noreg og Europa.

Fann farlege stoff

I undersøkinga fann Miljødirektoratet at fleire av produkta inneheldt fleire ulike miljøgifter. Eit armband inneheldt både kadmium, bly, klorparafinar og ftalat over tillaten grenseverdi.

– Regjeringa er oppteken av at varene me kjøper på nett skal vera trygge og berekraftige. Det er alvorleg at produkta på Temu i denne kontrollen inneheldt farlege og forbodne miljøgifter, og særskild når desse er laga for barn. Eg oppmodar folk til å handle andre stader enn på Temu, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen i ei pressemelding.