Skjåk
- Kommune og tettstad i Innlandet fylke
- Sentrum: Bismo
- Innbyggjartal: 2165
- Landareal: 1965 kvadratkilometer
- Innbyggjarmnamn: Skjåkvær
Kva er det beste med å bu i Skjåk?
– Det er alle innbyggjarane. Det er så mange snille og koselege folk her, seier Madeleine.
– Det beste med Skjåk er at eg tykkjer det er veldig fint her samanlikna med byar. Eg kan gå ut når eg vil og finne på kva eg vil, men i byen er det mykje meir trafikk og det er lett å rote seg bort, svarer Emil.
Kva er favorittplassen dykkar i Skjåk?
– Bismo, svarer Emil og Madeleine nærast i kor.
– Eg budde her før og det er her eg har alle gode barndomsminna mine, grunngir Madeleine.
– Bismo er favorittplassen min for det er så mykje å finne på her. Her kan ein spele fotball på idrettsbana og det er lett å møte venner, seier Emil.
Kva burde barn og unge som er på besøk i Skjåk finne på?
– Eg kjenner nokon som ofte er på besøk i Skjåk. Dei reiser opp på skulen og leiker seg i skulegarden, så det kan vere ein god idé. Men det aller beste å gjere på sommaren i Skjåk, er å spele fotball, meiner Emil.
– Eg vil også anbefale skulen sidan det er så mykje aktivitetar å gjere der. På vinteren kan ein for eksempel ake i akebakken i skulegarden. Det er også artig å stå på slalåm i skibakken på Grotli, tipsar Madeleine.
Vil dykk bu i Skjåk heile livet?
– Ja, eigentleg. Men no må eg flytte når eg skal starte på vidaregåande. Det er dumt for eg kunne tenkt meg å gå på vidaregåande i Lom (nabokommunen), men han blir lagt ned neste år. No ser eg for meg at eg kjem til å gå på vidaregåande på Lillehammer eller Hamar, fortel Madeleine
– Eg vil også bu i Skjåk heile livet, men det blir sikkert vanskeleg når eg skal starte på vidaregåande. Eg skal iallfall prøve å finne den vidaregåande skulen som er nærast heime, svarer Emil.
Er det noko som burde vore annleis med Skjåk?
– Ja, det burde vore ein vidaregåande skule her, meiner Madeleine.
– Eg meiner at ingenting burde vore annleis med Skjåk. For meg er alt heilt perfekt, svarer Emil.