Forskarar i Kina studerte korleis 11 år gamle elevar lærte engelsk. Ei gruppe på 20 born brukte blyant og papir, medan ei anna gruppe berre lærte ved å lese.
Forskarane fann ut at det å bruke handa for å skrive, gjer at hjernen lærer betre.
Når ein skriv for hand, må ein studere forma og storleiken på bokstavane med augene. Samstundes må du bruke kjensla i fingrane og rørsle i handleddet for å forme bokstavane. Å bruke fleire sansar gjer at eleven blir meir oppslukt i språket.
Dessutan tar det lengre tid å skrive for hand, noko som gjer at eleven gir meir merksemd til detaljane.
Forskarane oppdaga at handskrift ikkje berre hjelpte for å lære bokstavane, men gjorde også at elevane kjente igjen lydane og forstod meininga til orda betre.
Å berre sjå ord på ein skjerm eller i ei bok, skapar ikkje like sterke minne hos eleven, meiner forskarane.