Alien i klassen-forfattaren håpar aliens kunne læra oss å laga nytt godteri

Vegard Markhus (42) er klar med andre boka i den populære serien Alien i klassen 2: Ufo-gjengen.

Fakta: Vegard Markhus
  • Fødd 27. november 1983, og oppvaksen i Norheimsund. Bur no i Bergen og jobbar som lærar.
  • Gav ut si første bildebok, Redd, på Aschehoug forlag i 2008.
  • I 2010 kom bildeboka Timothy mister seg sjølv som han fekk Nynorsk barnelitteraturpris for.
  • Speler i bandet Naboen saman med Bjørnar Sangolt, og vann Spellemannsprisen i 2018 for barneplata Rockesokk.
LES FAKTALUKK FAKTA

Boka er morosam og spennande, og handlar om vennskap og familie og kor viktig det er å ha ein gjeng som kan hjelpa når dei vaksne lagar trøbbel.

– Korleis kom du på ideen med Alien i klassen-serien?

– Det begynte med at bandet mitt har ein song som heiter Gyli gyli gong gong. Eg laga ei teikning til songen og merka at både eg og barn likte romvesengreier. Då var det berre å setja i gang!

– Korleis ville det vera å ta imot ein ufo med aliens, trur du?

– Det kunne nok ha vore både skummelt og kjekt! Men viss det var greie romvesen med morosame hårsveisar og små musklar så hadde det blitt minst skummelt og mest kjekt!

– Kva hadde du håpa at aliens kunne hjelpa oss på jorda med?

– Det hadde vore fint viss det kom nokon kloke romvesen som kunne hjelpa oss med å ta betre vare på jorda. Og ikkje minst: Kanskje dei kunne lært oss å laga eit nytt godteri som er både sunt og smakar utanomjordisk godt!

Vegard Markhus har skrive ti bøker. Foto: Øyvind Sundfør Stokke-Zahl

Inspirert av dagbokseriar

Likar du En pingles dagbok eller andre dagbok-liknande seriar. Alien i klassen er inspirert av slike seriar, seier Vegard Markhus:

– Ungane mine lånte bok etter bok i ulike seriar, og så merka eg at eg likte dei sjølv også.

I denne boka laga forfattaren først ei teikning av hovudpersonane, men så venta han med resten av teikninga til historia var ferdig.

– Sidan det er ganske mange sider, måtte eg vite nøyaktig kva som skulle skje før eg begynte å teikna.

– Kor lang tid har du jobba med kvar av bøkene?

– Eg jobba over tre år med den første boka. Bok nummer to laga eg på eitt år, men det var ganske travelt! Det er skikkeleg mykje jobb når eg skal både teikna og skriva.

Vegard Markhus har fått veldig god hjelp av sonen sin Vetle (12) som er glad i å teikna. Han har faktisk designa minst 12 av karakterane i boka! Foto: Privat

Fekk teiknehjelp av sonen

Vegard Markhus har fått hjelp av barna sine med å laga boka.

– Eg har lese boka for ungane mine og sjekka kva som fungerte bra og kva eg burde fiksa på. Og så har eg fått veldig god hjelp av sonen min Vetle som er glad i å teikna. Han har faktisk designa minst 12 av karakterane i boka! Han teikna først originalane, og så teikna eg dei nøyaktig likt i boka.

Vegard har tre ungar som er 14, 12 og 8 år gamle.

– Kven håpar du vil lesa Alien i klassen-bøkene?

– Eg håpar alle barn vil lesa bøkene! Men det er ekstra stas om nokon som aldri har lest ei tjukk bok før, gjer det!

Har skrive 10 bøker

Alien i klassen 2: Ufo-gjengen er den tiande boka til Vegard Markhus.

Som forfattar synest han det er kjekt å få finna på ting som ikkje går an på ekte.

– Og så er det kjekt at eg får bestemma mykje sjølv. Eg kan bestemma kva rare ting som skal skje i bøkene. Og så kan eg sjølv bestemma kor tid eg er ferdig på jobb og heller vil gå og bada. Og så får eg reisa masse rundt og lesa for barn. Det er kanskje kjekkast av alt!

– Har du alltid likt å teikna og skriva?

– Eg har alltid likt å teikna. Då eg var barn teikna eg veldig mykje. Eg likte å bruka fantasien og dikta opp rare figurar og fine hus og bilar. Då eg blei større merka eg at eg kunne laga rare og fine ting med ord også. Då blei eg glad i å skriva.

– Kva drøymde du om å bli, då du var 12 år?

– Eg hadde lyst til å bli bonde, lastebilsjåfør, arkitekt og illustratør.

– Har du tips til tre barnebøker alle bør ha lese?

– Eg har akkurat lest Familien Gnork. Den var kjekk. Snillionen er også ein favoritt! Og så blir eg aldri lei av Ulf er uvel.