TikTok blir truleg forbode i USA frå neste veke

Dagleg er det 170 millionar amerikanarar som bruker video-appen TikTok. Søndag 19. januar vil alle desse truleg miste tilgangen til appen.

0

For ni månader sidan vedtok amerikanske politikarar ei ny lov. Lova seier at USA kan forby appar eigd av framande land, dersom dei er ein trugsel mot nasjonal tryggleik. 

Lova kom som følgje av at amerikanske politikarar frykta at TikTok, som er eigd av det kinesiske selskapet ByteDance, spionerer på amerikanarar for kinesiske myndigheiter. Difor nytta dei den nye lova til å forby appen i landet, dersom ikkje ByteDance sel TikTok innan 19. januar, opplyser NRK.

Ytringsfridom eller nasjonal tryggleik

TikTok-sjef Shou Zi Chew har avkrefta at appen jobbar med spionasje for Kina. Han har på si side åtvara politikarane i USA mot å innføre app-forbodet, då han meiner det vil føre til brot på ytringsfridomen til amerikanarar.

TikTok har teke lova til høgsterett som no behandlar saka. Dei skal vurdere om det er viktig for amerikanarar sin ytringsfridom at dei får bruke appen, eller om denne bruken er ein for stor trugsel mot den nasjonale tryggleiken i USA.

Høgsterett har så langt gitt uttrykk for at lova vil bli ståande og at TikTok dermed blir forbode i USA frå førstkommande søndag, 19. januar.