Artikkelen vart fyrst publisert hos Framtida.no som er Framtida Junior si systeravis.
Denne veka vart Trumps valsiger i det amerikanske presidentvalet offisielt godkjent, men mest merksemd har den påtroppande presidenten fått for utspela sine om Grønland.
USA kan bruke makt
Grønland er i dag ein del av Danmark, men har sjølvstyre. På ein pressekonferanse tysdag sådde Trump tvil om Danmarks rett til Grønland, og sa at USA treng området for den nasjonale tryggleiken. Han ville ikkje utelukke å bruke militærmakt for å få kontroll på Grønland, skriv NRK.
I tillegg besøkte den komande presidentens son, Donald Trump jr., Grønland denne veka.
Mette Frederiksen, Danmarks statsminister, heldt torsdag kveld krisemøte. Ho seier dei har føreslått eit møte med Trump, og at ho forstår at Grønland ikkje vil vere til sals.