Dyrehagen Noah’s Ark Zoo Farm i Somerset i England, vil ha inn gamle juletre som kan vere til glede for dyra.
Nokre av trea blir brukte til å lage ein liten skog som elefantane i dyrehagen kan utforske. Elefantane likar også å ete greinene og kaste trea rundt.
Andre tre vil bli gjorde om til flis som brillebjørnane kan lukte på, eller som nashorna kan grave i.

Dyrehagen har teke imot gamle juletre sidan 2021. I fjor vart det donert rundt 3000 juletre.
– Trea har ein verkeleg verdi for dyrehagen og for dyra, seier Chris Wilkinson til BBC. Han jobbar i dyrehagen.
