Sidan tysdag formiddag har to skogbrannar spreidd seg i raskt tempo i California i området rundt storbyen Los Angeles. Det er kraftig vind som gjer at brannen spreier seg spesielt raskt, skriv NRK.
På noverande tidspunkt står over 10 000 hus i fare for å bli slukt av flammane og over 30 000 personar er bedne om å evakuere.
Mange hus, bygningar og bilar er allereie øydelagt. Det er førebels ikkje meldt om personskadar
Utfordrande slukningsarbeid
Den kraftige vinden som er venta å nå opp mot 44 meter i sekundet gjer ikkje berre at brannen spreier seg raskt, men òg at slukningsarbeidet blir vanskeleg.
Det er til dømes for sterk vind til at brannfly kan brukast for å sløkke flammane.