No er det forbode å kaste tekstilar i søppelet

Frå og med 1. januar kan du ikkje kaste gamle klede og andre tekstilar i søppelet.

Me har gått inn i eit nytt år, og med det kjem ein del nye lovar og reglar, skriv Din Side. Ein av dei nye reglane handlar om kva du gjer med slitne klede.

No må alle kommunar sørgje for at tekstilar blir samla inn separat. For deg betyr det at tekstilane skal leverast på returpunkt eller gjenbruksstasjonar – ikkje i søppelet heime.

– Det blir produsert, brukt og kasta altfor mykje klede i dag, sa klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen til Din Side tidlegare i år.