18-åring blei verdsmeister i hurtigsjakk

Volodar Murzin frå Russland er 18 år og verdsmeister i hurtigsjakk.

Volodar Murzin tapte ikkje eitt einaste parti, og sikra seg premien på ein million kroner. Det avgjerande spelet enda med remis mot Karen Grigoryan frå Armenia, skriv NRK.

Remis betyr det same som uavgjort i sjakk.

I videoen øvst i saka kan du sjå Volodar Murzin spele mot Noregs beste sjakkspelar Magnus Carlsen. Videoen er frå i fjor. I årets VM trakk Magnus Carlsen seg frå å delta i hurtigsjakk, men han vil delta i lynsjakk.