Ingredienser:
- Ferdig pizzadeig
- Mozzarellakuler eller oppkutta mozzarella ostestenger (ei kule per rute med pizzadeig)
- 1 egg (til pensling)
- Sesamfrø og linfrø (valfritt)
- 2 fedd raspa kvitlauk
- Ein neve fersk finhakka persille
- Smør
Slik gjer du:
Del pizzadeigen i ca. 25 små ruter.

Plasser ei mozzarellakule midt på kvar rute.

Brett deigen rundt kula og rull saman til små bollar.

Legg bollane på eit bakepapir i form av eit juletre (start med ei kule i toppen og jobb deg nedover med fleire i breidda).

Pensle bollane med samanpiska egg.

Dryss over sesamfrø på treet og linfrø på stamma (valfritt).

Sett treet i omnen og steik på 200 °C i 20 minutt, til bollane er gylne og gjennomstekte.

Smelt ein god klump smør. Tilset raspa kvitlauk og finhakka persille. Rør saman.

Når treet kjem ut av omnen, penslar du det med den smelta smørblandinga for å gi ekstra smak.

Nyt😍🎄