Tips:
- Oppbevar ubrukt deig i ein tett pose for å unngå at han tørkar ut.
Dette treng du:
- 2 dl maizena
- 4 dl salt
- 4 dl vatn
Slik gjer du det:
Mål opp ingrediensane. Bland alt i ein kjele. Rør godt saman.

Kok opp blandinga medan du rører heile tida. Etter kvar vil du sjå at blandinga blir tjukkare.

Hell deigen over på eit bakepapir og lat han kjølna.

Når han er kald, kan du kna han til ein fast deig.
Bruk hendene eller kakeutstikkarar til å laga figurar av deigen. Du kan laga kuler, dyr, eller det du vil. Viss du vil laga flate figurar, kan du kjevla ut deigen og bruke små former til å stikka ut mønster.

Du kan legga figurane på eit bakepapir og la dei tørka over natta i romtemperatur, eller du kan steika dei i omnen på 100 °C. Steiketida er avhengig av kor tjukke figurane er, så her må du følga med slik at ikkje figurane blir brune.

Etter steiking, når figurane er heilt avkjølte, kan du måla dei med akrylmåling eller pynta dei med glitter og lim.
Lukke til!