Har du ofte vondt i hovudet?

Hovudverk er vanleg, men kan ofte førebyggjast. Her er kva du bør vita, og når du bør oppsøka lege.

Dei fleste ungdommar som slit med hovudverk, har spenningshovudverk, ifølgje Ung.no og Helsedirektoratet. 

Spenningshovudverk kjem ofte av stress eller muskelspenningar i nakke og skuldrar. Det kjennest ut som trykkande smerter som ikkje er på éin bestemt stad i hovudet.

Gode tips mot spenningshovudpine:

  1. Unngå stress. Kutt ned på aktivitetar om kvardagen er for travel.
  2. Sov nok. Sørg for minst sju timar søvn kvar natt.
  3. Ver aktiv. Fysisk aktivitet kan hjelpa på muskelspenningar.
  4. Et og drikk regelmessig. Kroppen treng påfyll for å fungera.
  5. Bruk skjerm sjeldnare. Mykje tid framfor skjerm kan auka spenningane.

Skriv dagbok

Om du opplever at smertene kjem meir enn 2–3 gonger i veka, kan det vere lurt å snakka med lege. Å ta mykje smertestillande kan faktisk gi meir hovudverk. Nokre gonger er det lurt å føra ei hovudverksdagbok, der du skriv ned når du får vondt, kva du har gjort, og korleis det kjennest.

I nokre tilfelle er det viktig å kontakta lege:

  • Om du mistenker at du har migrene. Hovudverken ved migrene blir ofte beskriven som bankande, og kan samtidig gi kvalme, eventuelt oppkast, lysskyheit og sensitivitet for lydar.
  • Om du har hatt langvarig hovudverk som ikkje går over.
  • Om du har sterke eller aukande smerter etter å ha slått hovudet, bør du ringa legevakta.
  • Ved alle former for hovudverk der du får veldig sterke smerter i løpet av kort tid.
  • Om du vaknar med hovudverk om natta.

Lege bør òg kontaktast dersom du har hovudverk saman med andre plager, som uklart syn, kvalme, ustødigheit, prikking eller andre symptom.

Kjelde: Ung.no