- Fjern forstyrringar
Slett appar og slå av varslar du ikkje treng, så blir det lettare å unngå mobilen.
- Legg vekk mobilen
Øv på å la mobilen liggja. Bruk tida til å sjå deg rundt, prata med folk eller kjeda deg litt – det er sunt!
- Få oversikt over skjermtida
Sjå kor mykje tid du brukar på mobilen, og vurder om du kan bruka mindre tid. Finn aktivitetar som gir deg glede og energi.
- Avtal skjermfrie soner og tider
Gjer middagsbordet, hytteturen eller andre stunder mobilfrie. Det blir lettare når alle er med.
- Bruk vekkerklokke
Vel ei vanleg vekkarklokke i staden for mobilen. Då slepp du freistinga med å scrolla rett før du legg deg, og du søv betre.
- Tenk over kva mobilen gir deg
Sosiale medium kan vera morosame og nyttige, men dei kan òg skapa stress og samanlikning. Hugs at selskap tener pengar på tida di og opplysningane dine.