Drøymer om å spele på A-landslaget

Då Noor Eckhoff (24) begynte å spele fotball på fritida som sjuåring, var ho ikkje særleg motivert. No er ho profesjonell fotballspelar.

Oslo-jenta Noor var den siste jenta i klassa som begynte å spele fotball og ho begynte med denne fritidsaktiviteten berre fordi alle andre gjorde det. 

Sjølv om iveren for ballidretten ikkje var så stor i starten, endra dette seg med tida. Etter kvart som Noor trente meir og meir blei ho betre og betre. Då kom motivasjonen for å bli skikkeleg god på fotballbanen.

Fotballkarriere

Som 14-åring debuterte Noor på det norske J15-landslaget, og året etter begynte ho å spele på A-laget til fotballklubben Lyn.

I AKSJON: Noor Eckhoff under toppseriekampen i fotball mellom Vålerenga og Kolbotn på Intility Arena i 2020. Her spelte Noor for Kolbotn. Foto: Annika Byrde / NTB

I etterkant har Noor spelt fleire landskampar for Noreg. I tillegg har ho spelt for fleire klubbar i utlandet som Melbourne City i Australia, Eskistuna i Sverige og Inter Milano i Italia.

Store mål

Akkurat no speler Noor for den svenske fotballklubben Linköping. Trass at dette er eit lag i den svenske toppserien, har Noor nye mål for fotballkarrieren framover.

– Eg drøymer om å kome med på det norske A-landslaget og å bli spelar i ein europeisk toppklubb, fortel Noor.