– Kvifor er det så mange fattige i Noreg, når me er så rike? 

Over 100.000 barn i Noreg lever i fattige familiar i dag. Finansministeren er oppteken av at det ikkje skal vera store forskjellar mellom folk.

– Det har vore eit skikkeleg problem at ting har blitt mykje dyrare, seier Trygve Slagsvold Vedum til Framtida Junior.

Han er glad for at løna til folk no stig meir enn prisane, slik at dei får betre råd. Han er òg glad for at dei fleste i Noreg har jobb.

– Då eg gjekk på skulen var det mange som var arbeidsledige. Det var folk i nabolaget som mista huset sitt, fordi mor og far ikkje hadde jobb. Då er det heilt krise, for då får du ikkje betalt rekningane.

Talet på fattige gjekk ned

Talet på barn som lever i fattige familiar gjekk ned for første gong på mange år i 2022. Då tilhøyrde 102 600 barn ein familie med vedvarande låg inntekt.

– Kvifor er det så mange fattige i Noreg, når me er så rike? 

– Me måler fattigdom i forhold til kor rike alle er. Dei som me definerer som fattige i Noreg, vil ikkje vera fattige i Spania, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum.

Les òg saka: Finansminister i verdas rikaste land – men får ikkje bruka alt han vil