No kan du sjå servalen for første gong i Dyreparken

Den mykje omtalte servalen har denne hausten mellombels tilhaldsstad i Dyreparken, og no kan han for første gong sjåast av publikum.

Servalen er ulovleg importert, og vart tidlegare halde i privat eige i Bjørnafjorden kommune. Servalen vart beslaglagd av politiet i september, og vart deretter mellombels omplasserte i Dyreparken.

Tidlegare i november vart det klart at servalen skal omplasserast til Tangen Dyrepark i Stange kommune i Innlandet. Fram til Tangen Dyrepark har bygd ei eigna hegn til dyret, skal ho mellombels vera hos Dyreparken i Kristiansand.

Første gong

I dag får besøkjande sjå servalen for første gong.

– Det har vore ein del arbeid for å tilpassa hegna til servalen. Området har tidlegare vore tilgjengeleg for sebra, antiloper og andre dyr, og vart i går klart for å ta i mot servalen, seier biolog Helene Axelsen.

Servalen er ute i Dyreparken i Kristiansand. Foto: Dyreparken i Kristiansand

Prega av menneske

Det var knytt stor forventning til å sjå servalen komma ut. Like før klokka 10 vart porten opna.

– Det har gått veldig fint. Det verkar som han kosar seg med både innerom og ei større utehegn. Han brukte litt tid på å komma ut, og no som han er ute er han veldig nysgjerrig og utforskar den nye staden hans. Det er godt å sjå, fortel dyrepassar Olav Åsland.

Dyreparken har tidlegare uttalt at det ikkje er ønskjeleg å behalda servalen, fordi han er prega av menneskeleg kontakt, kastrert og ikkje ein trua dyreart. Om nokre månader skal servalen flyttast til den permanente tilhaldsstaden sin i Tangen Dyrepark.