Finansminister i verdas rikaste land – men får ikkje bruka alt han vil

Korleis er det å vera finansministeren og ha nesten 20.000 milliardar kroner i Oljefondet, men ikkje få lov til å bruka alt du vil?

Statsbudsjettet i tal
  • Regjeringa planlegg å bruka 1991,2 milliardar kroner i statsbudsjettet for 2025.
  • 110 av desse skal brukast på forsvar, og 30,5 milliardar på politi.
  • 48,7 milliardar skal brukast på bistand.
  • Over 700 milliardar blir brukt på alderspensjon, sjukepengar, foreldrepengar og det andre Folketrygda dekkjer.
  • Kommunane og fylkeskommunane får 238,4 milliardar.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Det hyggelegaste med det er alle folka du møter. At du får lov å dra rundt i Noreg å møta folk, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum til Framtida Junior.

Finansministeren har ansvar for korleis staten Noreg bruker pengane sine. Det er eit stort ansvar.

– Det vanskelege med det er at det er så mykje alvor òg, at folk har jobb og igjen skal folk oppleva at dei får litt betre råd, seier Trygve.

Verdas rikaste land

Kor rike er me eigentleg i Noreg? 

– Me er veldig rike. Me er eigentleg eit av dei rikaste samfunna nokon gong, i verda. Fordi me har dei oljepengane. Det er nesten 20 000 milliardar kroner, forklarar Trygve.

FINANSMINISTER: Trygve Slagsvold Vedum har ansvar for pengane til staten Noreg. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Noreg har brukt pengane me har tent på olje til å kjøpa aksjar i firma over heile verda, noko me tener endå meir pengar på. Det er dette som kallast Oljefondet, ein stor sum pengar som skal sikra Noreg i framtida.

No brukar Noreg rundt 80 000 kroner av Oljefondet på kvar person, men Trygve får ikkje lov å bruka så mykje han vil.

– Det kan vera litt vanskeleg. Eg har jo lyst til at ein skal få det best mogleg i Noreg no, seier Trygve.

Dette er handlingsregelen:

  • Handlingsregelen er ein regel vedteke av Stortinget då Jens Stoltenberg var statsminister i 2001.
  • Den slår fast at ein ikkje får bruka meir enn det ein forventar å tena på oljefondet over lang tid. Før var dette 4 prosent av verdien av fondet, men no er regelen 3 prosent.
  • Det betyr at oljefondet skal takast vare på til framtidige generasjonar og gi inntekter til Noreg når inntektene frå olje og gass minkar.
Bildet viser verdien av oljefondet i milliardar kroner.

Skular som blir lagt ned

Finansministeren er oppteken av skulane som må leggjast ned og reaksjonane på dette. Han meiner at det ikkje alltid er pengar det handlar om, men at det av og til blir brukt som unnskyldning.

– Det er vanskelege saker. Eg byrja eigentleg med politikk på grunn av debatt om skulestruktur. Det var då eg vart engasjert først, seier Trygve.

Trygve er redd for at skulen han har gått på, som heiter Breidablikk skule, kan bli nedlagt.

– Eg meiner at det er veldig negativt for ei bygd om skulen vert lagt ned. Difor innførte eg når eg blei finansminister eit tilskot frå staten om ein opprettheld små skular. Det er det andre parti som er i mot.

For finansminister Trygve er det likevel viktig at ikkje alt blir styrt frå Oslo, sjølv om han gjerne skulle sagt: «Nei, nei, nei, ikkje legg ned dei skulane.»