Torsdag godkjente overhuset i den australske nasjonalsamlinga lovforslaget, med 102 stemmer for og 13 stemmer mot.
Det vil dimed vere ulovleg for dei som er under 16 å bruke mellom anna TikTok, Snapchat, Instagram, Facebook, Reddit og X.
Plattformene får eit år på seg til å finne ut korleis dei skal handheve forbodet, og dei risikerer bøter på opptil 50 millionar australske dollar (om lag 360 millionar kroner) om dei ikkje gjer det.