Banankunst seld for 6,2 millionar dollar

Kunstverket «Komikar» er seld for 6,2 millionar dollar på ein kunstauksjon i New York.

Det svarar til i underkant av 70 millionar norske kroner. Kunstverket er ein fersk banan som er teipa på ein vegg med sølvfarga teip.

Det var italienske Maurizio Cattelan som først stilte ut verket på eit galleri i Miami i 2019, og det vart debatt om kor vidt det var kunst eller ikkje. Onsdag kjøpte Justin Sun, ein kinesiskfødd kryptomeklar, verket.

Sun fortel ifølgje NTB at han har tenkt å ete bananen.

– Om nokre dagar skal eg personleg ete bananen som ledd i denne unike kunstopplevinga og dermed heidre dens plass både i kunsthistoria og i populærkulturen, uttalar han ifølgje nyheitsbyrået.