Den internasjonale undersøkinga ICILS viser at fire av ti norske 9. klassingar skårar på dei lågaste nivåa i digital kompetanse. Undersøkinga viser samtidig at Noreg er blant landa der elevane bruker digital teknologi mest i skulefaga. Delen elevar som skårar på det høgaste nivået fell markant frå førre undersøking.
– Eg hadde forventa betre resultat. Noreg bruker meir digitale verktøy i skulen enn dei fleste land i verda. Dei siste 10-15 åra har me brukt svært store ressursar på digital teknologi og digitale læremiddel, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).
Ho ønskjer å snu utviklinga.
Den internasjonale undersøkinga måler kor gode elevane er til å bruka ei datamaskin, meistra ulike program, finna informasjon på nett, vera kritisk til informasjonen og formidla han på ulike måtar. 34 land deltok i undersøkinga, blant dei Danmark, Sverige og Finland.
Sverige og Finland ligg på same nivå som Noreg, medan Danmark er eitt av fire land som gjer det betre. Danmark og Finland har ein tilbakegang sidan førre deltaking. Det er første gong Sverige deltek.
I 2013 var Noreg blant dei beste landa i undersøkinga.