16-åring dømd til fengsel for Vipps-ran

Oslo tingrett dømde måndag ein 16 år gamal gut til eit halvt år fengsel utan vilkår. Han blei òg dømt til å betale 19 av 20 offer i saka erstatning, skriv VG.

Mellom 2. mai og 1. juni utførte 16-åringen aleine eller saman med andre ti ran og ransforsøk i Oslo. I dei fleste av rana vart offera truga til å vise Vipps-kontoen sin. Gjerningspersonen har mellom anna vist kniv og truga med eller utøvd vald, skriv avisa. Offera var mellom 12 og 17 år.

Etter soning, skal guten over på to års ungdomsstraff. Det vart 1. september opna for å kunne dømme unge til ein kombinasjon av fengsel og ungdomsstraff.

NRK skriv at 16-åringen òg er sikta for valdtekt av ein mindreårig gut. Han erkjenner ikkje straffskuld for det. Etterforskinga er ikkje ferdig.