Vil opprette eit internasjonalt Barnas klimapanel

Eit internasjonalt klimapanel der barn kan påverke politikarar er viktig for å kunne løyse klimakrisa på ein god måte, meiner miljøagent Maria Tøsse Pihlstrøm (14).

– Barn er framtida, og klimaendringar kjem i hovudsak til å ramme barn og unge. Difor meiner vi at barn og unge burde vere meir involvert i klimasaker.

Det seier nestleiar i Barnas klimapanel Maria Tøsse Pihlstrøm (14).

Eit av krava dei har til politikarane, er å opprette eit internasjonalt klimapanel for barn.

– I Noreg er vi superheldige og får lov til å vere ein del av Barnas klimapanel. Vi får lov til å seie meiningane våre til politikarar og andre innflytelesrike personar, og då tenker eg at det berre er rettferdig at vi skal klare å skape det i andre land òg, seier ho.

EFFEKT: – Eg trur vi har klart å gjere mykje, og så gjeld det at politikarane også tar til seg det som står i rapporten. Viss dei klarar å gjere det gjennom mange år, så kan det ha ein skikkeleg stor effekt, seier Maria Tøsse Pihlstrøm om Barnas klimapanel. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Barn si stemme

Barnas klimapanel i Noreg er demokratisk vald blant Miljøagentane, og vart oppretta i 2015.

2024 er tiande gongen dei har levert Barnas klima- og miljørapport.

– Det eg trur vi har fått utretta, er at vi har fått samla barn og unge i Noreg si stemme og gitt eit tydeleg signal om kva det er barn og unge vil og kor det er barn og unge vil, seier Jakob Sande Haugset (14). Han er leiar for klimapanelet.

Jakob trur noko av det viktigaste med eit internasjonalt barnas klimapanel, er at ein får samla barn sine stemmer i eit talerøyr til politikarar.

– Då blir det mykje tydelegare, og alle politikarar over heile verda kan forhalde seg til det som står. Når vi kjem med vår rapport, handlar det om tilstanden i Noreg. Viss ein klarar å levere ein sånn rapport på verdsbasis vil det vere heilt rått!

RAPPORT: Jakob Sande Haugset og Maria Tøsse Pihlstrøm syner fram Barnas klima- og miljørapport. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Jakob og Maria meiner klimakrisa må løysast med internasjonal politikk.

– Det å då ha eit samla internasjonalt klimapanel der barn får påverke politikarar, ikkje berre nasjonalt, men òg internasjonalt, er veldig viktig for å kunne løyse klimakrisa på ein god måte, seier Maria.

Påverkar barn

Noko av det som motiverer Jakob mest i klimakampen, er å høyre historier frå folk som har blitt råka av klimaendringar.

– I desember i fjor var vi på klimatoppmøtet, og der sat eg i ein panelsamtale med ei som heiter Naomi. Ho fortalde, eigentleg ganske hjarteskjerande, om korleis klimaendringane påverkar hennar skulegang.

Øydeleggingar som følgje av klimaendringane gjorde at ho ikkje kom seg på skulen, noko Jakob påpeikar er ein menneskerett.